Stavasletta

TILBAKE

ELISABETH STAVA  

Elisabeth Stava var ikkje heilt som andre folk. Nokon sa at ho var et rivjern og ei fæl trollkjerring. Andre meinte at  Elisabeth berra var meir føre seg enn andre kvinnfolk. Ein skjærtorsdag skulle Elisabeth fara til Falneskyrkja. På vegen tok ho med seg ei høyburd som ho ville gi til Njell Dale. Men då ho kom fram, var der ikkje folk heime, så ho la høyet frå seg i løa. Njell ville ikkje ha høyet  hennar Elisabeth, men Marit Tjøstheim bad om å få det. Det gjekk ikkje betre enn at kua hennar Marit døde, og nå meinte folk det var Elisabeth som hadde forheksa høyet.  

Elisabeth var gift med Olav.  Han skyldte pengar til John Henriksen Sinklar som budde på Stangeland.  Sinklar nytta nå høvet til å skulda Elisabeth inn for Storasundtinget for trolldom og djevelsmakt. På tinget  nekta Elisabeth for at hu hadde drive med trolldom, men sidan så mykje godt folk hadde gjort eid og sett sjela si i pant, så laut ho nok døy. Elisabeth bad styresmaktene om å gi henne ein mild død, sjølv ville ho setja sin lit til Gud, sa ho.  Styresmaktene dømte Elisabeth til halshogging den 13 juni 1637. Gamle dokument seier at sjølve avrettinga skjedde i Stavanger, men etter munnleg tradisjon skal dette ha skjedd på Stava der folk framleis kan peika på knausen kor Elisabeth blei halshogd.

ELISABETH STAVA

Elisabeth Stava va ikkje som andre                                  det kunne kvar badnunge sjå.                                           Hu vandra aleina på lyngkledde heier                               og plukka på urter og strå.                                                   Unyttige, vidle vekster kan brukast te mystisk magi.          Så John Henriksen Sinklar tok ansvar og stemde             Elisabeth for hekseri.  

Men ennå plantar Herren små spirer her på jord.               Di vekse vilt og vakkert i Lisabeth sitt spor.

På Storasundtinget blei Lisabeth skulda                               for trolldom og djevlemakt.                                               Og Sinklar han førte bevis for at førkjå                         med djevelen hadde ei pakt.                                               Ei høyburd hu bar te Falnes blei eten av naboens ku,      og kune kreperte, så høyet va smitta                                av Lisabets trolldomstru  

Men ennå plantar Herren små spirer her på jord.                Di vekse vilt og vakkert i Lisabeth sitt spor.

 

Så trassigt hu Lisabeth kasta med nakken                        og sa «Dokke snakka’kje sant.                                          Men sie de, godtfolk, har svore på bibel                            og sett dokkas sjeler i pant                                                 så la då min død bli milde. Te Herren set eg min hu!»       - Og Elisabeth Stava blei halshogd på Karmøy                  i seksten trettisju.  

Men ennå plantar Herren små spirer her på jord.           Di vekse vilt og vakkert i Lisabeth sitt spor.  

 ( Tekst og melodi: Marit S. Vea)

  

Ingrid Liknes og Turid Litlasund                                                                                                                               Ingrid Liknes var frå ein gard eit par km nord for Stava. Ho blei skulda for trolldom i 1648. Futen ville helst dømma henne til døden, men rettsfolket, som var frå bygdene på Karmøy, meinte det var ille at folk skulle missa livet berre for at dei ikkje var som alle andre.  Ingrid blei difor dømt til å forlata dei fattige barna sine og reisa utanlands. Ingrid må likevel ha levd i skjul i distriktet vårt fram til ho døydde rundt årsskiftet 1653/54. I 1654 stemde nemleg futen Jakob Meling for at han hadde hatt kontakt med Ingrid og gravlagd henne på kristent vis. For dette blei Jakob dømt til å betala 10 riksdalar.

Turid (Tyri) Litlasund blei skulda for hekseri i 1680. Den som sette fram skuldingane var Peder Lauritsen som seinare blei postmester i Stavanger. Tyri sin svigerson Johannes Bentsen, son av soknepresten i Torvastad, stod heinne bi gjennom heile skuldingsprosessen. Til alt hell fekk ho også  den kongelege historieskrivaren  Tormod Torfæus på si side. Han var vel kjend med rettsvesenet, og fungerte som hennar forsvarsadvokat. Torfæus påviste at skuldingane mot Turid var grunnlause og hadde si bakgrunn i misunning og ord sagt i alkoholrus. Halvanna år etter at ho blei anklaga for trolldomi blei Turid Litlasund frikjend frå skuldingane.