HULDRELAND I HAVET

TILBAKE

Sjøfolk har til alle tider tala om ei øy som brått kan stige opp or havet. Irane kalla dette landet for Tir na noir. På Vestlandet i Noreg meinte dei øya var eit huldreland. I Nord-Norge kalte dei landet for Utrøst.. 

Ein gong skulle eit skip frå Vestlandet til England etter steinkol. Då dei var komen vestom Sira, såg mannskapet ei øy som ingen av dei hadde sett før. Skipperen sette hekkbåten på vatnet, og saman med ein matros og ein dekksgut rodde han til øya. Dei kom til eit ovleg fint slott. Det var forgylt utanpå og taket var tekt med sylv. Inne i slottet blei dei møtt av dronninga sjølv, og ho var så vakker at skipperen tykte det skein meir av solskinshåret hennar enn av gullstasen utanfor.

Dronninga tok vel imot dei og rødde lenge med skipperen. Det var lett å skjøna at ho lika han godt, for då dei skulle dra, ville ho ikkje sleppa skipperen frå seg. «Du kan i det minste la meg få litt av håret ditt til minne,» sa dronninga. Ja, det skulle ho få, sa skipperen. Men han var så framsynt at i staden for å gi frå seg sitt eige hår, skar han ein hårdott av ein kalveskinnsfrakk. 

Sidan sette dei segl mot England, men best det var, fekk dei høyra ei underleg larming i kabelgattet. Då dei skulle sjå etter, var det kalveskinnsfrakken som lea på seg, og plutseleg fór frakken opp og flaug som ein fugl i den leia der øya hadde synt seg. Då skjøna alle at dronninga på øya var ei hulder som kunne runa. Med dei hårstråa ho hadde fått, tenkte ho å mana skipperen til seg. Nå fekk ho kalveskinnsfrakken i staden, og skipperen var berga. 

Likevel sat det sidan dess ei lengt i skipperen. Slik kan det gå med dei som har sloppe unna huldrefolket, at lengtinga sit som eit arr i sjela.                                                     

HULDRELAND I HAVET                            

Et skip sko’  henta kol og sette seil mot Engeland.        Men vest av Sira steig or hav ei ny og ukjend strand.        Ei grøne øy i Nordsjøen der huldrefolkje rår.                   Der dronningje e fager og har solskinnsfarga hår.           Dei la te ved ei bryggja av kvite marmorstein.                     Og inne i et sølvslott der stod dronningje og skein.           Hu vil lokka sjøfolk så seile forbi                                         for hu kan rissar runer med gammal trolldom i.  

Så skipperen blei fanga av ei hildring i eit hav.              Han visste ikkje sikkert sjøl, kor timane blei av.          Men dronningje hu ba så fint då skipperen sko’ dra:    «Sei gi meg nogen hårstrå, du. Et minne må eg ha.»        Så skar han nogen hårstrå frå ein frakk av kalvaskinn.  Og siå seilte skipet bort med bør av noravind.                   Hu vil lokka sjøfolk så seile forbi,                                        for hu kan rissar runer med gammal trolldom i.  

Men plutselig fór frakken som ein fogel øve bord.          Den flaksa opp mot himmelen te dronningje i nord.          Og skipperen forstod så vel det skó ha vore han,               så fauk der øve bølgjene mot dronningje sitt land.            Ei uro budde siå i skipperen sitt sinn.                                Han lengta te ei hulder bak hav og noravind.                       Hu vil lokka sjøfolk så seile forbi.                                        For hu kan rissar runer med gammal trolldom i. 

  (Tekst og melodi: Marit S Vea)