TILBAKE

EIN LITEN FLYKTNING FRÅ KARMØY 

Avaldsnes var Harald Hårfagre sitt hovudsete. Truleg var det herifrå Håkon drog då han skulle sendast til fostring hos kong Adelstein. Då Håkon seinare blei konge i Noreg, var Avaldsnes ein av dei kongsgardane han brukte mest.Håkon  var yngste son av Harald Hårfagre og Tora Mostrastong, Harald si tenestejenta som opphavleg kom frå Moster i Sunnhordland. Tora var 17 år då ho fekk Håkon, Harald var 70, og på den tida budde han meir eller mindre fast på Avaldsnes

 

Håkon  var yngste son av Harald Hårfagre og Tora Mostrastong, Harald si tenestejenta som opphavleg kom frå Moster i Sunnhordland. Tora var 17 år då ho fekk Håkon, Harald var 70, og på den tida budde han meir eller mindre fast på Avaldsnes. Me trur difor at også Håkon budde store deler av barndommen på Karmøy. 10 år gammal blei Håkon sendt til England for å fostrast av den engelske kong Adelstein.  Som ung mann blei han bodsendt av det norske folk, og kom attende til Noreg der han blei hylla som konge på ulike ting kring i landet. Håkon fekk tilnamnet Adelsteinsfostre og ”den gode”.

EIN LITEN FLYKTNING FRÅ KARMØY

Tora :                                                                        Høyre du Håkon? Far din, an Harald, kalla på deg.  Mannskapet venta og skipet e klart. Du ska reisa til England

Håkon:

Eg vil ikkje reisa så langt vest i havet.                      Den engelske kongen er fremmand for meg.           Det engelske hoffet har ukjente skikkar.                  Eg vett eg må vakta kvart ord og kvart steg.            Eg vett dei vil le av det språket eg snakkar.             Eg vett dei vil hundsa  mi heimlege tru.                     Så mor, la meg fostras ved Nordvegens strender,      blant venner og kjente, for her vil eg bu.

Tora:                                                                             Å, Håkon, min kjære, du vett du må reisa.              Me sender deg vekk for å redda ditt liv.                      For far din er gammal, og når han er borte,               blir Nordvegen råka av ufred og kiv.                         Då kvesser dei økser, då kvesser dei knivar,            på adle dei stader du nå kallar heim.                          Då kan ingen kongsemne kjenna seg trygge              på Kormt  eller Moster, på Fitjar og Seim.

 

Gravhaugar på Blodheia

          

Håkon:                                                                                        Ja, om dei er sanne, dei orda du seier,                                    at brødre vil klorast som ørner i strid,                                     då går eg til skipet, som var eg ein fredlaus.                          Men mor, ikkje gråt, eg kjem heim om ei tid.                         Når heimlengten brenn i det fremmande landet,                    då ser eg mot bølgjer som rullar frå nord.                               Ein gong skal det koma eit skip med ein bodskap                  som kallar meg heim att til Nordvegens jord.

                                 (Tekst og melodi: Marit S. Vea)  

Slaget på Blodheia mellom Håkon den gode og sønnene til Eirik Blodøks i 953. (Ill. E. Werenskiold)

Nokre av dei store bronsealderhaugane på Blodheia ved Avaldsnes. Her stod i 953 slaget mellom Håkon den Gode og sønnene til Eirik Blodøks. Snorre fortel at Guttorm Eirikson mista livet i dette slaget.