Sagafjord, den nyaste og siste av  Amerikabåtane.

                            TILBAKE

AMERIKAPENDLAREN 

Då silda forsvann på 50 – 60-talet, var det på ny mange som reiste frå Karmøy til Amerika. Det var på denne tida Amerikalinja sine båtar blei kalla Karmøy-ekspressen og blåste i fløyta når dei passerte vestsida av Karmøy, mens ungane stod med kikkert og såg at Stavangerfjord, Bergensfjord eller Sagafjord drog forbi. 
 
For familiane som var igjen heime, blei brevet umåteleg viktig. Det var brevet som fortalte at alt var vel med far, son eller bror. For ulykker skjedde. I 1962 forsvann scallupbåten Midnightsun sporlaust på Georges Bank utanfor New Bedford med 11 karmøybuar om bord.

Dei første drog stort sett til New Bedford der dei fiska scallop. Nokon var også floor-leggjarar i Bosten eller dei fiska clamps i Florida-området. Av dei som pendla var nokre borte i 1 1/2 år, men dei fleste var borte i 9 månader, så kom dei igjen rundt juletider, og var heime i 3 månader. Pendlarane hadde med seg amerikanske klede, bilar, møbler, LP-plater og på mange måtar også den amerikanske levemåten. 

På midten av 60-talet minka scallopen  i New Bedford. Då drog karmøybuen til Alaska der dei fiska laks eller kingcrab, men også scallop etter kvart. Nå er der samla ein stor koloni Karmøybuar i Seattle der dei har ein eigen Karmøy Club. 

AMERIKAPENDLAREN

Det va’ tidligt på 60-talet,                         og det va lite arbeid å få.                     Båtane låg ved kaien,                                og silde va’ ikkje å sjå

Eg va barra ei litå jenta,                        men eg visste ka’ så sko’ skje,                  når han pappa pakka kofferten                 og drog te et fremmant sted.   

Når me sto’ oppå øvste knausen           med kikkerten nas mor,                            så konne me sjå bortme’ Sira:             Amerikabåten for.   

Det va’ tomt i den stora sengje               med barra na mamma og meg.                 Det va tomt i heila huset:                       Han pappa va’ reist sin veg                   

Åsså va’ det å gå på posten                  kvar dag når skuel va’ slutt                       for å spørja itte ein rauge                          og blåkanta konforlutt            

Heilt te det lei mot desember                     og markje blei dekte med rim.                   Hu mamma blei rauge i kjekane                 for han pappa sko’ komma him.

 

Tekst og melodi:  Marit Synnøve Vea  

 

 

 

 

 

 

 

   

 

 

 

 

 Amerikabåten Bergensfjord frå Den norske Amerikalinje blei bygd i 1956

  

Ferkingstad med sikt mot Åkreham

  

Fishermen's memorial er reist til minne om folk frå Karmøy som har  drukna på Øst- og Vest-kysten av Amerika .  Her under vigslinga av minnesmerket.