Sidene er under utarbeiding

BALLADER

TILBAKE

TREA VEKSE HØGE

Trees they grow high.  

(Gjendikta av Marit S. Vea)

 

Trea vekse høge, dei får eit grønlig skjær

Ofta har eg sett på guten eg har kjær.

Ofta har eg tenkt han er for ung for meg.

Han er ung, men eg veit han vekse.

 

Far min, du far min, høyr mi tunge sut.

Du gifta meg bort til ein altfor unge gut.

Eg er tjuefire år, han er berre tolv.

Han er ung, men eg veit han vekse.

 

Dotter, mi dotter, klaga ikkje så.

Ein høgboren arving har eg latt deg få.

Han vil vera vaksen når eg har vandra bort.

Han er ung, men du veit han vekse.

 

Far min, du far min, om du berre kan:

Send han bort i lære til han e blitt mann.

Dette blåe bandet om halsen hans du bind

så jentene ser han er gifte.

 

Så, ein dag, aleina på slottsmuren eg stod.

Då såg eg desse unge menn som leika seg og lo.

Den vakraste av alle var kjærasten min.

Han er ung, men eg veit han vekse.

 

Fjorten år gammal, ein gifte mann han var.

Femten år gammal var han sjøl blitt far.

Seksten år gammal, han kvilte i ei grav.

Min kjæraste blei ikkje eldre.

 

Eg sydde eit liksvøp til kjærasten min

For kvar eit sting eg tok rann tårer på mitt kinn.

Eg elska han så høgt, mi einsemd er så stor.

Men eg vaktar over son vår som vekse.

        

 

“TREES THEY GROW HIGH”                             “Trees they grow high”er ein engelsk ballade. Der finst mange versjonar både av tekst og melodi. Balladen blei første gong sett på prent i 1792. Songen blei då kalla Lady Mary Ann.

 

Songen kan vera basert på ekteskapet mellom Lord Craighton og Elisabeth Innes. Ho var ein del år eldre enn han, og han døydde i 1634, kort tid etter bryllaupet. På den andre sida er det mange som meiner at songen går tilbake til mellomalderen, då det ganske ofte hende at barn blei gifta bort.

 

The trees they grow high,
The trees they grow high,
the leaves they do grow green
Many is the time my true love I've seen
Many an hour I have watched him all alone
He's young, but he's daily growing

Father, dear father,
you've done me great wrong
You have married me to a boy who is too young
I'm twice twelve and he is but fourteen
He's young, but he's daily growing

Daughter, dear daughter,

I've done you no wrong
I have married you to a great lord's son
He'll be a man for you when I am dead and gone
He's young, but he's daily growing

Father, dear father, if you see fit
You send my love to college for a year yet.
Tie a blue ribbon all around his head
To let the ladieds know that he's married

One day I was looking of my father's castle wall
Saw’r all the boy playing around the pond
My own true love was the flower of them all
He's young, but he's daily growing

And so early in the morning
at the dawning of the day
They went out into the hayfield
to have some sport and play;
And what they did there,
she never would declare
But she never more complained of his growing.

At the age of fourteen, he was a married man
At the age of fifteen, the father of a son
At the age of sixteen, on his grave the grass was green
And that put an end to his growing

 
I've made my love a shroud of the colours so fine          Every stitch I put in it, the tears came through and down. Once I had a true love, but now I’ll ne’r have one.         
But I’ll watch on his son while he’s growing.

 

 

KONGEN OG KNUT LITEN

Gammal norsk mellomalderballade. I enkelt versjonar blir visa kalla  Knuit  Liten og Sylvelin

Kongen og Knut liten dei sat yver bord

- Iseliljan

Dei tala så mange dei skjemtande ord

- Så såre syrgjer Sylvelin for litle Knut i løyndom

 

Dei tala så mykje dei tala så mangt

- Iseliljan

Og sumt var no gaman og sumt var no sant

- Så såre syrgjer Sylvelin for litle Knut i løyndom

 

Knut liten han salar sin gangaren grå

- Iseliljan

Så rid’e han seg til Sylvelins gård

- Så såre syrgjer Sylvelin for litle Knut i løyndom

 

Han banka på døri med hanskar på hand

- Iseliljan

"Du kjenner vel Knut liten, din festarmann?"

- Så såre syrgjer Sylvelin for litle Knut i løyndom

 

Å Sylvelin ha på seg stakken blå

- Iseliljan

Så skreidde ho lokone til og ifrå

- Så såre syrgjer Sylvelin for litle Knut i løyndom

 

Dei banka på døri med glavin og spjut

- Iseliljan

"Er du inne, Knut liten, du kjem’e vel ut!"

- Så såre syrgjer Sylvelin for litle Knut i løyndom

 

Knut Liten han ut gjennom vindauga såg

-Iseliljan

Han kunn’ ikje sjå skogen for brynjone blå

 

Knut liten han ut gjennom dørene sprang

- Iseliljan

Han rudde den vegen som fyr var så trong

 

"Knut liten, Knut liten, du stiller din kniv

- Iseliljan

Eg gjeve deg Sylvelin, det vene viv."

- Så såre syrgjer Sylvelin for litle Knut i løyndom

 

Og det fekk Knut liten, for han var’kje redd

- Iselinjan

Og difor han kom uti kongelieg ætt.

- Så såre syrgjer Sylvelin for liten Knut i løyndom.

Mellomalderballadar og danseviser 

Mellomalderballadane er forteljande viser som har levd på folkemunne frå mellomalderen og fram til våre tider. Dei fleste av desse visene blei ikkje skrivne ned før på 1800-taalet.

Mellomalderballadane er  helst forteljande danseviser som folk song medan dei dansa ringdans. Ein person song verset, og så kom dei andre med på omkvedet. 

Som oftast finst det mange ulike versjonar av mellomalderballadane.  Me ser også at dess visene har vandra frå land til land, sjølv om noko av handlinga også kan ha endra seg under omsetjinga til nye språk. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

LONG SERPENT                             (Ormen Lange)

Translated to English by Marit S. Vea

(Some of the stanzas)

 

Come, will you all listen to my tale

believe in the words I sing?

All about Olav Tryggvason,

the bold Norwegian king.

Hear  they dance in the hall

and let us all join the ring.

Cheerfully the Vikings (Norsemen)

ride to Hildarthing.

 

Olav he built the tallest ship

that's seen on Norwegian shores.

He gave it the name Long Serpent

and sixty eight were the oars.

Hear they dance...

 

The king was sitting in his highchair

when he spoke to all his men:

"Come let us sail the salty sea

and ride the blue waves again."

Hear they dance...

 

"Bring  your swards, your gilded shields,

your shiniest coats of mail.

And then let us leave this lovely land,

and across the sea we'll sail."

Hear they dance...

 

Bravely the Vikings answered

the king with great devotion:

"Whether thou sail in peace or war,

we'll brave the stormy ocean."

Hear they dance...

Down to the sandy shore they went

so proud, so strong and brave.

They freed the dragon from the boat house,

and let her behold the wave.

Hear they dance...

 

The silky sails were set to capture

winds from sea and sky.

And Olav - the king - was steersman

as "Long Serpent" learned to fly.

Hear they dance... 

 

Ormen Lange                                                     Ormen Lange er ei færøysk dansevise som heilt fram til i dag blir sungen og dansa i festlege lag på Færøyane.

 

ORMEN LANGE
Færøysk dansevise

Norsk tekst:  Per Sivle (1857-1904)

Vilja de høyra kvedet mitt, og vilja de ordi tru?
Om han Olav Tryggvason skal songen her seg snu.

Ref:
Dansen glyme i halli, så dansa me då i ring!
Glada ridar Noregs menn til Hildar-ting.

Kongen let seg ei snekkje byggja bort på den slette sand.
Ormen den lange, det største skip som bygdest i Noregs land.

Skipet det bygdest i Noregs land utav dei beste emnom,
sytti alner og fire til var kjølen imellom stemnom.

Forgylte så våro dei stamnane båe, bordi dei våro blå.
Forgylte skjoden i toppen blenkte, - så sier soga ifrå.

Kongen uti høgsætet sit, talar til sine drenger:
"No skal me sigla den salte sjø, det heve eg tenkt så lenge!

Bere no då dei herkledi fram, dei brynjor og blanke sverdi!
Så leggja med sidan frå landet ut, så gjeva me oss på ferdi"

Modige mælte dei sveinane då: "Herre, me skal deg fylgja,
anten du fer i strid eller fred. Me ottast 'kje svarte bylgja!"

Frå berget ein gut med bogen i hand steig ned så raust å sjå:
"Jarlen utav Ringerike så skal eg helsa ifrå"

Kongen då til orde tok, fagnad i augo skein:
"Å no skal du seia meg namnet ditt, du unge, fræge svein!"

"Einar så skal du nemna meg; vel kan eg bogen spenna,
og Tamb så heiter min glupe boge, han fær vel pili til renna!"

"Høyr du det, du unge mann, vil du med meg fara,
så skal du vera min pile-svein, Ormen til å forsvara"

Ganga dei så til strandi ned spræke karar og rauste.
- Lunnane brosto og jarni skalv då skipet dei drog or nauste.

Vundo dei opp sine silkesegl, vinden å taka i fanget.
- Og så er det sagt at kongen sjølv han styrde "Ormen lange".

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

BENDIK OG ÅROLILJA

Bendik rid åt Sølondo,
vilde han skoda møy.
Han var ikkje lage til atter koma,
og difor so laut han døy.
Årolilja, kvi søve du so lenge?

Han var ikkje i kongens gard
meire enn måna’r tvo,
han la seg i med kongens dotter
i so stor elskhug.
Årolilja, kvi søve du so lenge?

Kongen byggjer gullbrautene
både bratte og håge.
"Den som dei i løyndo trør,
han skal livet låte."
Årolilja, kvi søve du so lenge?

Til svara unge Bendik,
han stod ikkje langt ifrå:
"Eg torer gullbrautene trøda
forutan kongens råd."
Årolilja, kvi søve du so lenge?

Um dagen rid Bendik i skogen ut
og veider den ville rå,
um natti søv’e han hjå jomfrua,
det gjeld’e hans livet på.
Årolilja, kvi søve du so lenge?

"Eg tykkjer so vent um ditt gule hår
som epli dei dryp på kviste;
sæl er den som deg må få,
Gud betre den som skal missa!"
Årolilja, kvi søve du so lenge?

"Eg tykkjer so når eg sit hjå deg,
som eg sat uti solskin bjarte;
når eg og du me skiljast åt,
då rivnar bå' hug og hjarta.
Årolilja, kvi søve du so lenge?

"Eg tykkjer so når eg sit hjå deg,
som eg sat uti solskin bjarte;
når eg og du me finnast att,
då gledast bå' hug og hjarta."
Årolilja, kvi søve du so lenge?

 Inn kjem kongens liten smådreng,
seier han tidend ifrå:
"Bendik trør gullbrautene
forutan kongens råd."
Årolilja, kvi søve du so lenge?

Det var kongen av Sølondo,
han slær sin neve i bord:
"Bendik skal inkje livet njota,
um eg vann all verdsens jord.
Årolilja, kvi søve du so lenge?

Lunde kyrkja i Skåne
ho er tekt’e med gull:
Bendik skal ikkje livet njota,
um ho var tri gonger full."
Årolilja, kvi søve du so lenge?

Dei bad for han unge Bendik
so mange som hadde mål,
fuglen på ville kvisten
og dyri på skogen låg.
Årolilja, kvi søve du so lenge?

Dei bad for han unge Bendik
alt det som hadde liv,
tréi uti ville skogen
og bloman’ i fagre lid.
Årolilja, kvi søve du so lenge?

Inn kom ho Årolilja,
fall for sin fader på kne.
"Høyrer du det, min sæle fader:
fangen so gjev’e du meg!"
Årolilja, kvi søve du so lenge?

"Gakk burt ifrå meg, Årolilja!
Eg vil deg ikkje høyra,
det sømer so ille mitt gode sverd
å rjodast i kvendedrøyre."
Årolilja, kvi søve du so lenge?
 
Sunnan fyre kyrkja
der lét han Bendik liv;
og uppi høge loftet
brast hjarta på vene viv.
Årolilja, kvi søve du so lenge?

 
So la dei Bendik nordan kyrkja,
og Årolilja sunnan,
der voks upp av deira grefter
tvo fagre liljerunnar.
Årolilja, kvi søve du so lenge?

Det voks upp av deira grefter
dei fagre tvo liljeblomar;
dei krøktest i hop yver kyrkjesvali,
der stend dei kongen til domar.
Årolilja, Årolilja, kvi søve du so lenge?

   

    

BENDIK OG ÅROLILJA                                           Den vakre balladen om Benik og Årolilja er inspisert av to ulike fortelljingar: Den gamle nordiske soga om Hagbart og Signe og historia om Tristan og Isolde.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

INGA LITIMOR

Inga Litimor på handkvern i kongsgarden mol og  kvad dei små visone av ljos og liv og sol.             -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Og alle kongens sveinar vart kalla for sin drott    Kven var det no som  leika den vene harpeslått  -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Til svara kongens sveinar: Me  harpa hev forgjett.   Det er ho Inga Litimor som syng så vent og lett.  -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Då gjekk det bod at Inga må trø for kongens stol      og kveda alt som lyser av liv og ljos og sol.              -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Ho kom til kongehall i skor frå finnegam                 med hjartebank i bringa det bar for kongjen fram.      -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

”For kongen, vesle Inga, i dag du kveda skal:           til løn han vil deg klæda som jomfru i si hall.        -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene  

Takk sto er kongens gåve og ærefull og få.          Men sut og saknad ingen  seg mune kle i frå.      -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Fribore namn og ra deg kongjen gjeva vil;              no, Inga, kan du syngje som best det høver til.       -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Takk, stor er kongjens ra, song fuglen på kvist;     men betre være elska, veit mannebarnet visst.      -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Men stolte Inga Litimor, din song må kongen få     Um so hans kongekrone skap kjed på kaupet gå. -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Gullstasen din du spare, du unge, dyre drott.         Stolt Inga berre syng i sitt eige kongeslott.           -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene


So hyr eit ord, mitt siste: Eg byd deg brudelin.
Det er den unge kongjen som sjølv må verta din. -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Når unge kongen vel meg av kjærleik til sitt viv,     syng Litimor solsongen så lenge det er liv.            -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Men då må kongjen veta han ikkje skjemmast tarv;
for eg er kongedotter, og han sit i min arv.           -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Og der vart vigsle-veitsla, og songen auka på,         og hev'kje nyst dei slutta, so varer det end.         -aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

INGA LITIMOR.                                                         Historia vi finn i Inga Litimor peikar kanskje tilbake til ei hending i dei norske kongesogene. Der høyrer vi om eit møte mellom Sigurd Jorsalfare og ei jente som syng så fint medan ho mel korn. Sigurd tar jenta til seg, og saman får dei seinare sonen Håkon Herdebrei.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

MANNEN OG KRÅKA                Og mannen han gjekk seg i vedaskog,
hei fara i vedaskog.                                                Der sat det ei kråke i lungen og gol.
Hei fara. Faltu riltu raltura.

Og mannen han tenkte med sjølve seg:
«Eg trur no den kråka vil drepe meg.»

Og mannen han spente sin boge for kne.
Så skaut han den kråka så ho datt ned.

Så spente han føre dei folane tolv.
Så kjøyrde han kråka på låvegolv.

Av tarmane laga han tolv par reip.
Og klørne dei brukte’n til møkkagreip.

Av skinnet så laga han tolv par skor.
Det beste paret det ga han til mor.

Av augo så laga han stoveglas.
Og nakken den sette ’an på kyrkja til stas.

Av nebbet så laga han kyrkjebåt.
Så folk kunne ro både til og åt.

Og munnen den brukte ’an til å mala korn.
Og øyro dei hadde ’an til tutarhorn.

Og kjøtet det salta ’an i tynner og fat.
Og tunga den hadde’n til jolamat.

Og hjarte det satte ’an på fiskekrok.
Og ingen har sett slik ein fisk han drog.

Og da det ikkje var meire å ta;
så drog denne kar’n til Amerika.

Og den som ‘kje kråka kan nytta så,
han er ikkje verd ei kråka å få.

 

MANNEN OG KRÅKA                                              Dei fleste kjenner denne visa. Ho har vore i levande bruk like til vår til og blir framleis sungen både av barn og vaksne. Likevel er ho ei av dei eldste folkevisene våre. Gjennom hundreåra har nye vers blitt dikta til. Slik som i denne versjonen frå Hordaland, der me høyerer at mannen dreg til Amerika...

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ROLANDSKVADET

Seks mine sveinar heime vera
og gjøyme det gullet balde.
Dei andre seks på heidningslondo
røyne di jarni kalde.

Ria di ut or Franklandet med                            dyre dros i sadel.
Blæs i luren Olivant på Ronsarvollen.

Vunde dei opp sitt sikjesegl
så høgt i sigle-rå,
så siglar dei åt hei'ings-londo
i virkevikune två.

Slogest dei utpå Ronsarollen
i dagane två og trjå;
hieidningan' falt fyr Ronlands-sverdet
som storren fyr go'om ljå.

Slogest dei utpå Ronsarvollen                                    i dagane två og trjå.                                              Då fekk ikkje soli skine bjart for røykjen av manneblodet 

Slogest dei utpå Ronsarvollen,
vare dei alle vreide,
heidningan' falt fyr Rolands-sverdet
som snojoren driv uti heie.

Slogist dei utpå Ronsarvollen,
trøytte dringjir og mode:
soli fekk inkje skine bjart
fyr røyken av manneblodet.

Fram sotte blåmanns-fjøldi,
ho slygde fyre sol, -
reddast kvór ein javningjen,
bad Roland blåse i horn.

Sette 'n luren fyr blodga munne,
bles han i med vreide:
det rivna mur og marmorstein
nie døgner av leie.

Det var Magnus kongjen,
skundar han si ferd:
daud låg Roland kappen
og heldt i hond sitt sverd.

 

ROLANDSKVADETeigentleg ein kortversjon av det kjente franske Rolandskvadet som blei skreve ned. på 1100 talet. Kanskje er det også møkje eldre. Forteljinga om Roland går tilbake til 800-talet då Karl den store kjempa mot maurarane i Spania. Songen handlar om dette blodige slaget. Og den store helten i slaget, Roland, er slektning av Karl den store. Han slåss svært tappert, men måtte til slutt gi etter for overmakta..     

I 1250 ble kvadet tatt med i Karlamagnussaga som er ei norrøn gjenforteljing om Karl den store sitt liv. Dermed blei forteljinga om helten Roland og hornet hans - Olivant - også kjent her i Noreg.

 

Songen er også kjent under namne

 

Songen er også kjent under namnet ROLAND OG MAGNUS KONGJEN. Her er berre nokre av dei nærare 30 versa.