Ei mine som rek inn til land i Åkrehamn under krigen

BARNDOM                                                TILBAKE    

Den 9. april 1940 kom krigen til Noreg. I 1995 blei det laga til ei musikalsk framsyning på Karmøy kulturhus, og me snakka med folk som hadde vore ungar under krigen. Dei fortalte om store fly som kom glidande over bakkane, om russiske krigsfangar som sleit med vegbygging, om tyske soldatar og minelegging, om skular som blei gjort om til tyskarbrakker, om blendingsgardiner og rasjoneringskort. Dei fortalte at ungar måtte arbeida hardt, både i torvmyra og i silda.

Når me spurte korleis det var å vera barn under krigen, svarte dei fleste likevel: ”Folk holdt i samen unda krigen. Me hadde det godt”.  La oss håpa at ungar òg i dag har denne evna til å finna gleda midt i ein vanskelige kvardag

 

 

 

BARNDOM

Eg kan minnast då dei vaksne sa at krigen kom te Karmøy,

og eg trudde krigen va ein fæle mann.

Sidan endra eg oppfatning, trudde krigen va ein fogel

så fauk lågt og kasta skuggar øve land.

Eg for opp på bakketoppen,

knytta neven imot himmel,

tenkte slettes ikkje på å søkja ly.

fyst om kvelden fekk eg veta

oppi fongje henas mamma –

at den fogelen, den va et bombefly

 

For ein ungje spinne drømmar

øve verdens krig og fred,

og drar glad avgårde på

fantasiens  odyssé,

inni landet der det heilt

fantastiska kan skje,

inni landet ingjen vaksne

folk kan koma te

 

Skulen vår blei tyskerbrakka, så di fant et glissent sjøhus

kor ein konne stua skuleklassar inn.

Men når sole skein på sjøen va det vanskelig å lokka

skulelærdom inn i viltre barnesinn.

Nei, me lærte helst av livet,

 - rodde båtar, sette teiner -

bar him fisk og sild så konne saltas ne.

For i torvmyre og spadde,

henta lyng i store favnar

så at ingen fraus når froste stunda te.

 

Så – når dagen blei te skumring, fekk me fri frå adle plikter,

då for latterhvine som ein sildastim.

Jentene fant godlastykkjer, så blei sette opp i berget

og skein rikdom øve mong ein armodshim.

Me holdt tikken nerpå markje,

Holdt Trebonjes og slo Jeppe,

glømte krig og fred og fiende og venn.

Heilt te glasruter blei blenda

og dei fyste stjerner blinka.

Då for ungaflokken sakte him igjen.

 

Under krigen la presten på Avaldsnes ned arbeidet i protest  mot nazismen, og Olavskyrkja blei stengd. Tyskarane ville riva  kyrkjetårnet fordi engelske flygarar brukte henne som landemerke  når dei skulle bomba i  Karmsundet. Dette blei forhindra ved at  Riksantikvaren bygde eit treskjelett over heile kyrkja.  Likevel kom det  ungdom frå heile Karmøy for å bli konfirmert  "på svart". (dvs ulovleg), på Avaldsnes, og mange blei fotograferte ved   ved den stengde, innebygda kyrkja

 

Tyskarane bygde mange bunkersanlegg og kanonstillingar  på Karmøy. Her ein soldat ved ei kanonstilling på Stong i  Åkrehamn.

 

Tysk soldat kjøper fisk i Skudenehavn

 

 

 

 

 

 

Refr