BRIGGEN MENTOR

      TILBAKE

Briggen Mentor blei bygd i Flekkefjord i 1858.  Seglskipet blei kjøpt inn til Åkrehamn i 1860 av  Andreas Hansen og gjekk for ein stor del i utanriksfart. 

Andreas Hansen dreiv gjestgivargarden på Holmen i Åkrehamn og var ein dyktig handelsmann.  Han dreiv òg med eksport av hummar og fisk.  Han gifta seg med den rikaste odelsjenta på Åkra, noko som gav han ein viktig posisjon på Sør Karmøy, og var med og gjorde han til den første ordføraren i Åkra og Skudenes i 1837. 

I byrjinga var Elias Nilsen skipper om bord i briggen Mentor, seinare, frå 1868 overtok Carl Dahl.  Dei frakta for det meste fisk og tømmer til utlandet

 
Mentor var det første seglskipet som henta hudar direkte frå Sør-Amerika til garveria i Flekkefjord.  Skipet enda til slutt i Sverige og etter å ha havarert for andre gong i 1894, blei det kondemnert, avrigga og sidan brukt som lekter.

 

BRIGGEN MENTOR (Clear the track)  

Å den besta skutå så ligg i. havn                       (Å hiv, å hå, heis seilet nå)                                 e briggen Mentor av Åkrehamn.                       (Så la trosså gå, og hiv anker nå)

For der framme i havn ventar jenter og sang.  hiv, å hå, heis seilet nå.                                    Med Maria og Carmen ska dansen gå               Så la trosså gå, og hiv anker nå.

Og Briggen Mentor av Åkrehamn                     (Å hiv, å hå, heis seilet nå)                                 hu e aldri ein dag for seint i havn.                       (Så la trosså gå, og hiv anker nå)

Refr.

Med skumsprøyt om baugen me fossar fram. (Det syng i seil og spanter nå)                            Med tørrfisk og tømmer seilasen går.              (Heis seilet, ta peiling, held kursen nå)

Refr.

Me e laste med kurs for Santos by                    (Det syng i seil og spanter nå)                            Me ska' dansa og festa te morgongry.               Heis seilet, ta peiling, held kursen nå)

Refr.  

 

Ner i Rio ligg lasta og ventar på oss.                                      (Å hiv, å hå, heis seilet nå)                                                         Hudar te garving, stand by, kast loss                                        (Så la trosså gå, hiv anker nå)

Refr.

Når me så kjeme him te Åkrehamn,                                          (Å hiv, å hå, heis seilet nå)                                                         spandera eg øl på adle mann                                                      (Så la trosså gå, og hiv anker nå)

For der framme i havn ventar jenter og sang.                           Å hiv, å hå, heis seilet nå                                                           Med Lilly og Laura ska' dansen gå                                            Så la trosså gå,oh hiv anker nå.

Å den flottaste skutå så ligg i. havn                                           (Å hiv, å hå, heis seilet nå)                                                         e briggen Mentor av Åkrehamn.                                               (Så la trosså gå, og hiv anker nå)

 

Tekst: Odd Henning Johannessen,  Mel: Traditional- Clear the track