DRØMMEN OM AMERIKA                  

  TILBAKE

Karmøybuen har havet som næraste nabo. I vanskelige tider har folk alltid sett ut på dei blå bølgjene og tenkt at på hi side ligg berginga. Dei pakka koffertane og drog til Amerika, derfor har Karmøy òg blitt kalla Karten Island.  

Nokre drog vestover av eventyrlyst, andre drog av reine naud.  Nokre fekk oppfylt drømmen om ei betre framtid der i Junaiten, for andre blei det heila eit forferdelig slit.

Den store utvandringa begynte i 1870 åra. Skudenes kommune hadde i denne tida den prosentvis største utflyttingen av alle kommunar i Noreg. Det heiter seg at det mest ikkje var ungdommar igjen i Falnes og Ferkingstad sokn, for alle var dratt til Amerika.

 

 

 

 

Mange drog til området rundt byen Molin på grensa mellom Illinois og Iowa. Ein del kom tilbake med nokre store, svarte lerretshattar, og molinarhattane blei eit kjenneteikn på folk frå dette  distriktet. Folk frå Ferkingstad sokn på tømmerhogst i USA. På hovudet har dei molninerhattane
Ennå i dag blir området frå Stava til Hemnes kalla Molin. og dei som bur her, blir kalla molinarar. Dei første som drog over Atlanteren, slo seg helst ned der borte, men etter 1900 fekk me ei langtidspendling. Berre i 1904 drog 80 fiskarar ut frå Skudeneshavn, og dei fiska på austkysten av USA før dei kom heim igjen til vintersildefisket langs vestlandskysten. 
DRØMMEN OM AMERIKA

Ja, drømmen om Amerika den drømte me så titt,                  når fattigdommen trua oss, og livet blei for stritt.                  Då såg me øve bølgjene og tenkte at der vest                             e kvardagane sundagar, og livet berra fest.

Amerika, Amerika me drømte om di strand                         Du hadde rom for mong slags folk, frå alle verdens land.  Me trudde du var landet der så roser alltid gror,               men mjydle drøm og virklighet va avstand ofta stor.

Og nogen av oss reiste ut og mytte dine krav.                      Me plødde dine sletter og me sleit på dine hav.                    Du gav tru på framtia og lønna alt vårt strev.                       Men him te Norge gjekk der mongje tårevåte brev.  

For mongje tonge stonder har me stått og lengta him.            Og me har skreve sangar og sett lengselen på rim.                Det hendte me fordømte deg sjølv om me trudde på             at landet vest i havet va ein drøm me kunne nå. 

Amerika, Amerika me drømte om di strand                         Du hadde rom for mong slags folk, frå alle verdens land.  Me trudde du var landet der så roser alltid gror,               men mjydle drøm og virklighet va avstand ofta stor.  

                                      Tekst og melodi: Marit Synnøve Vea

 
 
Områdene dei reiste frå; øverst Langåker, nederst Skudenes