ET GJENNOMBORA HJARTA

TILBAKE

 

Du sat på pulten føre meg dei fyste skuleår                  Då stakk eg deg med blyanten og reiv i fletta hår.        Eg lærte meg å lesa, men med matten gjekk det skitt. For når eg plussa ein med ein, så fekk eg navnet ditt.

Et gjennombora hjarta, der navne våre stod.                   Et gjennombora hjarta og fira dråpar blod.                       I adle skulebøker, langs vegen på kvart tre,                 stod navne inni hjarter, - og pile hørte me. 

Og mens me snudde fleire ark i livets lærebok,             så slutta eg å skribla. Eg blei vaksen, eg blei klok.       Så då du spurte, laug eg glatt, og nekta med et smil       at det va eg som ein gong tegna hjarter, navn og pil.  

Eg fulgte deg på diskotek, men gjekk åleina him.       Der sat eg for meg sjøl og skreiv ned hemmelige rim. Men aldri fekk du lesa di, og aldri fekk du sjå                 at tårer øydla arket der kor navnet mitt sko stå.

Så fekk eg jobb i Nordsjøen blant stål og bølgeslag.     Og minnet om deg bleikna, men så kom et brev i dag. Ein tegning av et hjarta så va teint med rødt på kvitt.   Og inni hjarta stod et navn. Det navnet det va mitt

Et gjennombora hjarta, der navne våre stod.                  Et gjennombora hjarta og fira dråpar blod.                      I adle skulebøker, langs vegen på kvart tre,                 stod navne inni hjarter, - og pile hørte me. 

Tekst og melodi: Marit Synnøve Vea