FERKINGSTAD  KYRKJEGARD

TILBAKE

 

Den gamle kyrkjegarden ved Ferkingstad hamn kan vera blant dei eldste i landet. Den runde forma i austre enden tyder på at han er frå 1100-talet. Runde kyrkjegardar tyder også på keltisk påverknad, og at kristendommen kan ha kome hit frå Irland. Opphavleg hadde kyrkjegarden ved Olavskyrkja på Avaldsnes også ei slik rund form, og over heile Rogaland har det stått keltiske steinkors likande det som mellom anna står på Gard i Haugesund. .

 I 1853 blei den siste kyrkja som stod ved den gamle kyrkjegarden på Ferkingstad riven, og ny kyrkje blei bygd på Kvilhaug. Kyrkjegarden var likevel i bruk fram til 1920-åra. Eit særmerke ved denne kyrkjegarden er at folk har nytta rullesteinar frå havet som gravstøtter. Men ein må leita godt i det høge graset før ein kan finna steinane som har halvvegs utviska årstal og namn.

Ein gong forliste ei spansk eller fransk skute utanfor Ferkingstad, og bølgjene bar ein ung adelsmann til Stavastranda. Sidan han var av fin ætt, la bygdefolket adelsmannen i ei eikekiste, og slikt blei ikkje alle til del. Mange har seinare sett eit blått lys brenna over staden der den framande sjømannen er gravlagt. Den høge bautasteinen som står inne på kyrkjegarden, blei reist over ein sjøkonge i før-kristen tid, den gong det budde storfolk på Ferkingstad.

Elles er det berre jernkorsa til Store-Nils og kona Bertha Marie som merkar seg ut. Store Nils hjelpte ein gong Gjest Bårdsen på flukt frå lensmannen i Bergen. Som takk for hjelpa, fekk han ei kiste med sølv, blir det sagt

 

FERKINGSTAD KYRKJEGARD

Der e' ingen marmorstøtter på Ferkingstad kyrkjegard.    Men rudlesteinar frå havet, ligge som fotefar,                    ligge som minnesteinar rissa med årstal og navn,                   der så trygt i det høga graset                                                      i gamle murar si favn                                           

For berre ein høge bauta - reist på ei høvdinggrav-       trossar den kalde blesten, ser mot eit ope hav.                     Der førte sjøkongen skipet. Stolt stod han høgt stavn,           men nå kvile han trygt blant småfolk her,                                 i gamle murar si favn.

Her kvile ein spanske sjømann så bølgene bar på land.      Han hadde ei kniplingsskjorta og va’ visst ein adelsmann.    Di gav han ei eikekista og minnestein uten navn,                     og nå kvile han trygt blant småfolk her                                     i gamle murar si favn.

Di levde sitt liv ved havet dei folkje så kvile her.                  Di seilte mot fjerne strender i solskin og ruskete ver.              Men kunnskap om sjø og stjerner kan sikkert vara te gavn, når ein seile mot evighete,                                                          i gamle murar si favn.

 

Der kling ingen kyrkjeklokker på Ferkingstad kyrkjegard,      men steinar forma av havet ligge som fotefar,                           itte dei folk så levde her,                                                             itte dei folk så sleit.                                                                  Men kim som bygde dei eldgamle murane,                                  det e der ingen så veit.     

 

 

                                                   Tekst og melodi: Marit Synnøve Vea