MØDRE VED KYSTEN 

TILBAKE

Historia om folk som lever ved kysten, blir ofte ei historia om sjøfolk og fiskarar. Men kystfolket si historia er også forteljinga om mødrene som sat igjen heime. 

Dei som lytta til stormar og venta i spenning og lengsel. Dei som ofte måtte klara seg aleine gjennom fødslar, sjukdom og dødsfall i familien. Dei som oppdrog ungane, sette plaster på skrubbsår, vaka over sjuke småbarn og tørka sveitte bort frå febervarme kinn.  

Dei som stelte gardsbruk, la sild i sildetønnene, reparerte vindaugsruter, betalte rekningar og ordna opp i alle dei små praktiske tinga, mens mennene segla omkring i framande hamner eller reid stormane av på fiskebankane. 

Dei som klarte alt aleine, fordi dei ikkje hadde noko val: Mødrene ved  kysten.

 

                                                                                                                                      Sildakåner  - og fiskarar - i Åkrehamn

MØDRE VED KYSTEN 

Det fysta så eg kan huska; eg sat oppi fongje ditt.                           Han pappa va reist på sjøen, og eg grein for eg lengta litt.                 Då gynga du gyngestolen, og trøsta med ord og song.                     Eg kjente meg trygge i kammerset der, oppi mamma sitt fong.  

Det nesta så eg kan huska, då stod me på Hop og såg                    utpå den skumkvite sjøen - itte et lite skrog.                                    Bror min va ute i robåt; di kjempa mot bølger og vind.                    Men eg kjende meg trygge så lengje eg holdt hånde te mammen min.

Og åkeren nersjå ha Jøren; eg minnest vel stundene der.                   Eg lekte og sprong rondt i molde, mens du låg med krumbødde kner. Men når det blei pause rundt middag, me tok oss litt mat og ein kvil.   Eg kjende meg trygge i sommargrønt gras når eg såg mamma sitt smil.

I buldrande vinterstormar, når heila huset va kaldt,                             då la me oss oppå divanen. Eg hørte kos takpanner smalt.                 Og vinden ulte rundt nåve, alikavel kjend’eg meg trygg.                     Eg hadde det godt på ein smale divan, der bak mamma sin rygg.

Så mongje kvinner langs kysten har levd sine liv som deg.                   I århundrer stod di å venta, mens mannfolkje seilte sin veg.             Aleina med angsten for havet, aleina med ansvar og savn.                   Men likavel va de for ungar og menn ei rolige trygge havn

Tekst og melodi: Marit Synnøve Vea