PÅ EIN VANLEG DAG
 

TILBAKE

 

 

 

Eg gjekk i ei vintergate,                                  folk omkring meg alle stader,                       hasta fort forbi meg utan ord.                           Øve meg va stjernene,                                 under meg va snøen grå.                                   Då såg eg deg og hørte at du lo.

Du stod midt i folkehavet,                         augene dei lyste klare,                                       slik dei aldri lyste i mot meg.                             Han som heldt i handa di,                                     va trygg og sikker der han sto.                            Han hadde det han trong, han hadde deg.

På ein vanlig dag blei livet mitt forandra.       Eg forstod at ingen ting e visst.                        Du som va mitt fjell, den klippå så eg bygde på.  Eg kjende ikkje deg alikevel.  

 

 

 

 

 

 

 

 

Då han gjekk, og du kom mot meg                          budde han i blikket ditt,                                              eg va berre luft - du gjekk forbi.                                 Som ein smelta snøkrystall,                                      så var eg blitt ukjennelig.                                            Eg gjekk imot ei ny og fremmand tid.

På ein vanlig dag blei livet mitt forandra.                Eg forstod at ingen ting e visst.                                 Du som va mitt fjell, den klippå så eg bygde på.        Eg kjende ikkje deg likevel.

 

 

          Tekst og melodi: Marit Synnøve Vea