RO, RO LITEN KIND 

                          TILBAKE

SEGNA OM OLAV DEN HEILAGE OG TROLLET SIGGE                                                                                                Olav den heilage ville byggja ei steinkyrkje med tårn på kongsgarden sin på Avaldsnes. Sjølv hadde han lita tid fordi han støtt for rundt i landet og kristna folket. Difor gjorde ha ei pakt med ein rise eller eit troll som hadde bustad inne i ein av dei gamle gravhaugane oppe på Blodheia. Avtala gjekk ut på at risen skulle vera bygningsmann, og han skulle få sola, månen eller kongen si sjel i løn, om kyrkja stod ferdig innan ei viss tid.

Risen tok fatt på arbeidet, og slike underjordiske byggjer med trollskap, mykje fortare enn ein kristen mann kan tru. Siste dagen før fristen gjekk ut, blei Olav den heilage verkeleg ottefull. Det såg ut til at risen ville bli ferdig innan tidsfristen, og kva skulle kongen då gjera? Ikkje ein gong kongar kan henta ned sola og månen. Korleis skulle Olav berga sjela si?

Ut på kvelden reid kongen opp på Blodheia. Medan han reid der, mellom dei store gravhaugane, høyrte han barnegråt som kom innafrå Prinsahaugen. Han stogga hesten og lydde. Då kunne han høyra ei kvinne som song:: "Ro, ro liten kind, snart kjeme Sigge, far din, med sol og måne te badne"

Nå visste Olav den heilage kva trollet blei kalla. Han var berga! For alle veit at hvis kristen mann, nemne trollet ved namn, då blir trollet til stein. Kongen reid attende til kyrkja og gøymde seg innåt kyrkjeveggen. Då risen skulle leggja siste steinen på kyrkjetårnet, ropte Olav:  "Akta deg nå, Sigge! Den siste steinen vil ikkje ligge!". I det same sprakk risen. Han blei til stein og datt hovudstups ned i molda norved kyrkja. Der står han ennå og vitnar om at det gode skal vinna over det vonde, nett slik kongen vann over trollet .

Segna fortel vidar at dommedag kjem når toppen rører kyrkjeveggen. Difor har avaldsnesprestane frå eldgamle tider akta på steinen. I mørke vinternetter har dei klatra opp og banka bitar av toppen kvar gong han har vore farleg nær kyrkja. Slik har avaldsnesprestane redda verda frå undergong. Ja, nokre trur at prestane på Avaldsnes framleis driv på med dette.

RO , RO LITEN KIND

Hellige Olav på Avaldsnes sat,                 ville byggja  ei steinkyrkja fort.                 Han gjorde ei pakt med ein trollkar som sa: «Innan sju dar’ e’ arbeidet gjort»       Hvis kyrkja stod ferdig før søndagen kom,  då sko’ trollkaren lønnast vel,                    med sola og månen frå himmelens bru          eller hellige Olav si sjel.    

Ro, ro liten kind.                                      Snart kjem, Sigge, far din                          med sol og måne te guten sin.

Kyrkja ho vaks og dagane for                        og søndagen nærma seg då                           han hellige Olav bad te sin Gud:                ”Herre Krist, du må hjelpa meg nå”             Så reid han i natta på Blodheia opp,             der dei eldgamle gravhaugar stod.               Frå Prinsahaug høyrdest ein ungje så grein,   og ei kvinne som sulla og lo.

Ro, ro liten kind.                                      Snart kjem, Sigge, far din                           med sol og måne te guten sin.

Kongen fekk veta ka trollet blei kalt                      og han tok det som himmelens tegn.                      For hvis kristen mann, nevne trollet ved navn,    ja, då vett du at troll blir te stein.                         Så reid han med vinden te kyrkja igjen,                og gøymt i den blåsvarte natt,                            ropte han: «Sigge!» Og Sigge blei stein,             som tungt i mot jordflata datt.

Ro, ro liten kind.                                                 Snart kjem, Sigge, far din                                   med sol og måne te guten sin. 

Nå står der ein bauta på Avaldsnes                      og vitnar frå kyrkjegards mold               
at det goda ska’ tukte det vonda slik                  som kongen han vann over troll.                           Nå står det ein bauta på Avaldsnes  
                       og lutar mot kyrkja sitt kor.
Når steinen te sist rører kyrkjevegg,                  blir dommedag lyst over jord.  

Ro, ro liten kind.                                              Snart kjem, Sigge, far din                                      med sol og måne te guten sin. 

                                       (Tekst og melodi: Marit S. Vea)

 

 

 

 

 

GRAVHAUG PÅ BLODHEIA

 

Olavskyrkja på Avaldsnes

Olavskyrkja på Avaldsnes skal vera bygd på ein gammal, heidensk kultstad der fem kjempesteinar ein gong omkransa kyrkjebygget. Den einaste av desse steinane som framleis  står, er den 7.2 meter høge  bautaen Jomfru Marias Synål. Segna fortel at dommedag kjem når toppen av bautaen  rører kyrkjeveggen. Derfor har avaldsnesprestane i ly av nattemørket hogge betar av toppen og slik redda verda frå undergong.  Denne dommedags segna kan ha eldgamle røter attende til dei eldste kristne tidene, då slike heidenske kultstadar blei vigde til erkeengelen Mikael. Og Mikael - han var engelen som skulle blesa i luren og leia sjelene inn for dommedag.

I dei eldste kristne tidene hadde  dommedagsbautaen på Avaldsnes truleg ein funksjon i Mikales-dyrkinga. Namnet Jomfru Marias Synål kjem av ei gammal runeinnskrift som nå er mest uleseleg, men som på 1600-talet blei tolka slik:  "Mikjael Mariu næstr" - (Mikael, nest etter Maria i rang). 

 

I