SJØRØVAREN FRÅ ÅDLAND

TILBAKE

Strekninga frå Åkra til Kvilhaug har opp gjennom tidene vore plaga av sandflukt som øydela matjorda og gjorde det vanskeleg for folk å livberga seg. Då blei det ofte til at ungdommen fann løysinga ved å dra på langfart. Det gjorde ein ung gut frå Ådland. Men før han reiste, lova han å koma heim så snart han hadde tent gode pengar.

Mange år gjekk før ei stor seglskuta ankra opp utanfor sandstranda og ein sjøkaptein blei rodd i land.  Det var den etterlengta guten som endelig var komen heim, men for seint, for begge foreldra låg under torva.

Sjøkapteinen gøymde ein skatt på garden før han for igjen. Og akkurat i det skuta skaut fart vestover, blei det heist eit stort, svart sjørøvarflag på skipet. Då forstod folket på Ådland at guten var kaptein på ei sjørøvarskute. Sidan høyrde dei aldri noko meir frå han. Ingen våga heller å grava etter skatten, for ein veit aldri kva slike sjørøvarar kan finne på. Derfor ligg skatten ennå gøymd  i strandkanten på Ådland. Og ein sjeldan gong, når sola går ned i havet, kan du skimta raude segl som kryssar mot horisonten. Kanskje det er sjørøvarkapteinen som ennå seglar der ute og vaktar skatten sin?

SJØRØVAREN FRÅ ÅDLAND

I strandkanten på Ådland låg ein fattigslige gard                        der ungguten i huset rodde fisje med sin far.                               Men stormen kom frå sjøen, knuste robåten mot land,               og matjorda blei øy’lagde av kvite flygesand.                              Vinden syng, havet lokkar, vest mot et solskinsland.  

Så guten han fekk hyra på ein skotske galeas.                          Og snart sov mor og far hans unda markblommar og gras.        Så dei fekk ikkje sjå den dag det dukka opp ein stavn               som kom frå horisonten der sole har si havn.                              Vinden syng, havet lokkar, vest mot et solskinsland.  

Ei skuta ankra opp ved Ådlands kvite strand,                   lettbåten blei låra, di rodde i mot land.                                      Ein staute sjøkaptein steig raskt øve bord,                                  så knelte han der, ved mor og far si jord.                              Vinden syng, havet lokkar, vest mot et solskinsland.

Han vandra kvilelaust omkring to dagar og ei natt.                    Te folk han møtte sa han at han hadde gøymt ein skatt               i denne skrinna jorda der så strande møte hav.                           Den fekk di leita fram når han kvilte i ei grav.                            Vinden syng, havet lokkar, vest mot et solskinsland.

Så drog han ut te skutå si då natta blei te dag,                            og heiste i maste et sjørøvarflag.                                                Og rauge seil blei fylt av solskin og blest,                                    då skutå blei ført øve havet mot vest.                                   Vinden syng, havet lokkar, vest mot et solskinsland.

Men aldri kom det budskap om at sjøkaptein va dø,                  så ennå ligge skatten der kor landet møte sjø.                            Og står du oppå knausen kan det henda at du ser                       dei rauge seile kryssa der kveldssola går ned.                            Vinden syng, havet lokkar, vest mot et solskinsland

                Tekst og melodi: Marit Synnøve Vea