Stava

    SKJOLDMØYAR STOLTE                   TILBAKE

Kong Augvald  (Ogvaldr) skal ha levd rundt år 600. Han var son til Rognvald, son til Rugalf, son til Gard Agde som igjen var son til Nor. Gjennom vellukka sjøslag klarte Augvald å leggja under seg holmrygene sitt land, fordreiv dei tidlegare herskarane her, og slo seg ned på den best egna staden på øya Kormt. Denne staden – Avaldsnes (Ogvaldsnes)- har sidan hatt namn etter kong Augvald. Augvald hadde ei heilag ku som han blota til og to døtrer som var skjoldmøyar. Dei kjempa saman med far sin i alle slag. 

SKJOLDMØYAR STOLTE

Holmryger hørte varselsord           Augvald kom frå inste fjord                Skipa hans bar bod om sorg.                  Augvald hærtok Nordvegens borg 

Augvald han hadde døtre to.                   Fremst i fylkinga di stod                         der di kjempa for sin far.                   Begge stolte skjoldmøyar var.                    

Skjoldmøyar stolte dei fekk si grav        vest ved det vidla, syngjande hav. Skjoldmøyar stolte dei fekk si grav         ved det vidla hav.

Sjøkongen Ferking kom frå hav          lasta ned av gull og rav.                     Tungsinn plaga kongens hall            Ferking svor på Augvald sitt fall.

Hærpila gjekk, og vardar brann.        Augvald kom mot Stavastrand.        Ferking stemde inn frå syd.                Sletter blei te skogar av spyd

Refr.

Kongane slåss, men norner rår.      Augvald han fekk banesår.               Møyar skreik mot himmelkvelv,        kasta seg i strøymande elv.

Augvald fekk haug på Augvaldsnes Trommer slo og lurar bles.                         då han drog te Odins hall.                    Æsene venta høgboren kall.

Men øve havet på Ferkingstad               der såg ein Frøya si kjerra dra.       Bølgene sjølv bar møyar mot land           og steinar blei reiste på Stavastrand

Skjoldmøyar stolte dei fekk si grav        vest ved det vidla, syngjande hav.   Skjoldmøyar stolte dei fekk si grav          ved det vidla hav.

 

Tekst og melodi: Marit S. Vea

Skjoldmøy, Maleri av Balke,   Nasjonalgalleriet

 

 

Ferking (Fartegn) budde på Ferkingstad (Fartegnstadir). Han var ein sjøkonge som ofte drog på hærferd og kom heim med rike skattar. Gjævast var dronningperlene som dronninga bar under festane i gildesalen der 500 mann kunne dansa til ære for guden hans Ferking; ein gullkalv.

Augvald og Ferking låg i stadig strid. Siste slaget mellom dei to kongane stod på Stavasletta. Dit kom Augvald med den heilage kua si og dei to døtrene som var skjoldmøyar. Det blei eit vilt slag. Både kong Augvald og kua hans fekk banesår. Då døtrene hans Augvald såg dette, sette dei i ville skrik, kasta seg i ei elv og drukna. Augvald og kua hans blei  gravlagde heime på Avaldsnes. Men skjoldmøyane blei gravlagde på Stavasletta og steinar blei reiste på gravene deira. Framleis blir desse bautasteinane vest mot havet  kalla «Skjoldmøyane»

Ein av bautasteinane  frå steinsettinga "Skjoldmøyane" på Stavasletta.

Ferkingstad som har fått namnet etter kong Ferking. Her foto av den  beskytta hamna i Hop der du kan finna båtopptrekk og to naust som  skal ha tilhøyrd kong Ferking.  

Avaldsnes som har fått namnet etter Augvald.  Sør-vest for mellomalderkyrkja er det funne bygningsspor frå folkevandringstid. Det kan vera etter Kongsgarden                hans kong Augvald.

 

 Foto: Marit S. Vea, Norsk Flyfoto, Anita Langaker