VESLE JORD
 

TILBAKE

 

 

 

Kvar ein gong eg får sjå et stjerneskudd glitra    må eg tenkja at også stjerner forgår.              Vesle jord, i min drøm e du meir enn ei stjerna.  Du er den som for evig og alltid består.

Men eg veit at du barra e ei av dei mongje ubetydlige kloder så svirrar omkring.                  Lik ein blå, liten blom i den kosmiske hagen,        er du sjøl, vesle jord, ein forgjengelig ting

Du har hav, du har himmel og mat te oss alle,  men dei barn du har fostra kan ikkje forstå         at dei barra er støvstrimer i universet.                 Dei har barra kvarandre å lita på

Slik som nyfødde barn ville døy utan varme,      slik e menneskebarna fortapt utan deg.            Vesle jord, eg er redd, eg er redd for vår framtid. Vesle jord, eg er redd. Kan du trøsta meg?

 

                       Tekst og melodi: Marit Synnøve Vea