Risdalshuset ligg like før du køyrer inn til Skudeneshavn

  TILBAKE

VINDBALLEN BRYTE 

Torkel Risdal (1669 - 1741) gifta seg med Malena Tomedotter. Dei budde på garden Risdal i Skudenes, og levde som fiskarbønder flest. Ikkje lenge etter bryllaupet drog Torkel for å fiska ved Vindballen, eit skjær utanfor Syre der sjøen alltid går kvit. 

 

Mens han Torkel var der ute, sette styggeværet inn. Torkel blei på sjøen, og folk tenkte han måtte vera komen opp på Vindballen. 

Malena sørgde og levde som enkje i sju år.  Men det er ikkje lett å klara gardsarbeidet aleine, så då gardsguten fridde, svara ho til sist ja. Kvelden før bryllupet kom det ei stor hollandsk skute inn til (Skudenes) Havn, og heile mannskapet blei bedt til  bryllaupsdansen på låven. Ein høg hollender med stort, svart skjegg ville berre dansa med brura. Då kvelden var som gillast og dansen gjekk som villast, sa hollenderen som dansa med brura på klårt skudenesmål: "Vindballen bryde men, drebe  sjelden. Det er óg sjelden han Torkel Risdal får dansa med kjerringa si så seint om kvelden"

Då blei det ståhei i bryllaupsgarden! Gledestårene rann på kjekane hennar Malene, og gardsguten - som brudgom skulle vore- stakk av. Men han Torkel blei verande heime sidan dess.  Han og Malena fekk fleire ungar og har i dag ei stor slekt etter seg, spreidd over heile Rogaland og i Amerika. Torkel må ha gjort det godt der han hadde fóre desse sju åra, for etter at han kom heim, kjøpte han opp gardar som ein liten konge.

VINDBALLEN BRYTE   

Ein gong rundt syttenhundre va’ der ein fiskarbonde         så hette Torkel Risdal, Malena va’ hans brur.                   Han Torkel rodde sjøen. Malena stelte bøen.                   Og beggje rydda jorda imjydlå hav og ur.                             Ti’ligt ein morgon i solskinsveret,                                   rodde han Torkel te Vindballskjæret                                  der det skein blankt av sild.                             

Då mørkna himmelrande, og stormen slo mot strande.       Han Torkel blei på sjøen der Vindballen går kvit.               Aleina enkjå stridde. Då gardsguten han fridde,                 hu svara «ja» med von om å sleppa meire slit.                Kvelden før brydlaupet grein hu mot putå.                     Visst’ ikkje då om den hollandske skutå                              så sakte glei inn i mot Havn.                         

Og heile mannskapsskaren blei bett te brydlaupsgar’en.   Ein skjeggete hollender med brure dansa tett.                  Då festen va som gillast, og dansen gjekk som villast,       sa fremman’karen hastig på skudnesdialekt:               Vindballen bryde, men drebe sjelden.                           Sjelden han Torkel fekk dansa om kvelden                        tett innte kånå si.       

Vel, gardsguten han rømte. Malena synst hu drømte,         då Torkel torka kjeken der gledestårer rant..                Han Torkel åsså brure for snart te soveburet.                Med tie fekk di ungar så såg at det var sant – atte:           Vindballen bryte, men drepe sjelden                                  Ofta han Torkel fekk dansa om kvelden                              tett innte kånå si.           

                                                        (Tekst og melodi: Marit S. Vea)

Skudeneshavn